Medlemmsinfo 1/98
Publisert 27. januar 1998 under NyhendeDet er på tide å ønske godt nytt år, og samtidig sende med ei lita påminning for dei som ikkje har hatt høve til å betale medlemsavgift. Mange har spurt kva det skal være godt for ; det gir jo ingen fordelar. Vi tar kritikken til følgje, og vil frå og med no være flinkare til å sende informasjon, -og lage i stand turar.
1997 var nok eitt godt år for M/S Atløy. Dugnadsaktiviteten var høg, også i fjor kom vi over 3.000 dugnadstimar. Gjengen er stort sett den samme, men vi ønskjer svært gjerne å sjå fleire om bord til dugnad. Vi hadde totalt 36 turar, og gledeleg er det at vi ser fleire og fleire kundar både frå Førde og Måløy som gler seg over turen om bord. Vi hadde i fjor også gleda av å skysse « Kulturminnestafetten 97 » gjennom fylket, noko som både gav klingande mynt i kassen og mykje heider. Mottakinga vi fekk rundt i fylket var eineståande, og viser kor mykje M/S Atløy betyr for folk.
For mange av oss har dette vært ein stille vinter, då Atløy har vært på verft i Hardanger for å skifte båtdekk og styrehustak. Det nye dekket er i oregon pine, som originalt, og på lag ferdig. Reparasjonen har vorte dyrare en venta, og kassen er no nærast tom, både hos oss og hos Andelslaget som eig båten. Vi har vidare fått tak i ein bytemotor, som vi treng å oppbevare på ein skikkeleg måte, slik at vi kan spare utgifter til nye deler, som ofte er unødvendig. Vi treng derfor all den hjelp vi kan få, og vonar du får tid til å sleppe giroen i kassen. Medlemsavgifta er 100,- for enkeltmedlemmer og 150,- for familiar, men det er ingenting i vegen for å betale meir.
Vi håper å hente båten heim med det første, slik at vi kan få båten ferdig til sesongstart 18. Mai. Vi vil trenge mykje hjelp, og vil møtest som vanleg på måndagskveldar etter at båten er komen. Ta turen innom, der blir både arbeid, kaffi og gode historier.