Ny båt
Publisert 2. mai 2015 under NyhendeI natt vart «Fjord Viking» ex FSF sin «Solundir» lasta opp på Fosen Gjenvinning for transpot til Dårfjorden slipp. Ny eigar er Veteranbåtlaget Atløy (VBL), som har meir enn ei hand på rattet med å arrangere årets Fjordsteam.
Båten representerer første generasjon ein-skrogs halvplanande passasjerfartøy, og er i dag den einaste som er att med originale maskiner og innreiing. Bygd i aluminium i 1972 hos Westermoen, og i trafikk for FSF til 1990.
VBL tar over båten etter initiativ frå Riksantikvaren, som også har freda fartyet. Planen er å få henne i operativ stand, og i beste fall vert ho å sjå på Fjordsteam. Målet er å finne eit miljø som har lyst og evne til å ta vare på fartyet, og VBL er klar for vidaresalg.