Ny generator
Publisert 16. juni 2000 under NyhendeFor ein månad sidan vart hjelpemotor til straum skifta. I helga fekk vi problem med straumen, og undersøkingar viste at diodane i generatoren var brende. Det ville gått å skifte diodane, men vi ville ikkje være sikker på ei vellukka reparasjon.
I samråd med NBN Elektro vart vi derfor einige om å skifte til ny. Denne vil koste oss ca. 14.500,- etter at vi har fått til ein fordelaktig avtale med NBN. På grunn av mykje kjøring var dette naudvending, vi kan ikkje få driftstans no midt i toppsesongen. Allereie onsdag denne veka vil den nye generatoren være på plass dersom alt går etter planen.
Vi takkar NBN og Odd Batalden for dette.