Nytt frå Norheimsund
Publisert 17. februar 2009 under NyhendeMalearbeidet vert ferdig denne veka, Ludviken skal klonast etter å ha blitt menneskesky, brua vert tett og Riksantikvaren har vore på inspeksjon.
Då står det igjen for Hardanger Fartøyvernsenter å montere lister, benker og bord, og dette skal være ferdig til fredag. Fram mot neste helg ber det til Dåfjorden der styrehustaket skal drivast opp att. Ludvik Grytten har vore nede i lange tider no, og begynner etter eige utsegn å bli menneskesky etter 3 veker under presening.
I går var det forslag på kaien at han burde klonast, slik at dei andre fartøya som ligg på Kaldestad får like bra oppfølging som Atløy. Fleire av båtane har loge der i heile vinter utan tilsyn, – på Atløy har det vore folk ombord stort sett heile tida. Forutan å følge opp arbeidet held han på med å pikke rust og male på dekk. Arbeidet som vert utført av HFS er iflg Ludvik snikkararbeidet veldig bra. Grunninga er no komen på, og pr idag tysdag held dei på med første toppstrøk. Vindauga i styrehuset og døra er også under arbeid, så her vert det tett!
Erik Småland frå Riksantikvaren var i Norheimsund for å inspisere Stord i går, og fekk også tid til ei runde på Atløy. Han hadde sagt til fartøyvernsenteret at han var imponert over Atløy og forholda ombord.