Oppdatert reiserute
Publisert 13. september 2010 under NyhendeForbereding er i full gang for å få ombord tonnevis med fisk, epler, poteter og grønnsaker. Foreslått reiserute passa dårleg for ein del stader, mellom anna var tysdag ettermiddag ein dårleg dag for folket i Feios. Vi har derfor endra litt på ruta, slik at vi tar Feios på fredag (utan epler, poteter og gulrøter). Ny rute finn du ved å klikke på denne linken; reiserute-sogn-20102. Trond Strømgren, «kystens trompet» og forfattar frå Florø vil fleire stader halde foredrag og lese frå bøkene sine. Ombord vil du fleire stader også få høve til å smake på ølet som vart laga til Fjordsteam.