På land!
Publisert 28. januar 2011 under NyhendeOnsdag klokka 1530 bar det på land, og arbeidet med å skjære ut platene som skal skiftast er no i gang. Ludvig følger opp arbeidet med å brenne naglar, og første platene går ut på måndag. Det er laga til eit halvtak utfrå skutesida slik at det ikkje skal bli for vått å arbeide utvendig. Det er surt og kaldt i Dåfjorden, og i dag fredag snør det på Stord! Ombord er det lunt likevel, sentalfyren syter for det.
Det er ikkje mykje å ta seg til i helgene i Dåfjorden, så Ludvig som er åleine ombord reknar med at han kjem til å halde fram med arbeidet gjennom helga. Måndags kveld er det styremøte i A/L Atløy på Kystmuseet. Leif (412 52 909) reiser nedover tysdag om det er nokon som føler seg kalla.
Vi reknar med å være ferdig med arbeidet i mars. Skipskontrollen er bestilt til 19. februar, og alt stål og alle ventilar/gjennomføringar undervanns vil då bli gått over og sikkert godkjent!