Samarbeid i Fjordfylket
Publisert 27. februar 2013 under NyhendeDei flytande verneverdige veteranbåtane og -skipa møtest i går i Florø til første møte for å diskutere eit forum der ein i fellesskap kan løfte fram fartøyvernet i fylket. Målet med møtet var å lodde interessa for eit slikt forum, og diskutere kva eit forum skal halde på med. På møtet møtte representantar for MS Atløy, SJ Svanhild, DS Stavenes, MS Arnafjord, Haugefisk, MS Stangfjord og frå Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Ein diskuterte og gjekk gjenom status for kvart enkelt fartøy, status for fartøyvernet i fylket, fylkeskommunen sitt engasjement, mangelen på fylkekommunal fartøyvernplan, minkande løyvingar og korleis ein i større grad kan sette fartøyvernet på dagsorden som viktig kulturminnevern og dokumentasjon av ein viktig del av vår lokale historie.
Det var stor interesse for å starte opp eit slikt forum. Det er nødvendig å drive opplæring både ovanfor løyvande fylkesbyråkratar og fylkespolitikarar. Det vart sett ned eit arbeidsutval som fekk mandat til å arbeide vidare med dette, gjennom t.d. faktahefter, seminar og møter. I dette arbeidsutvalet sit Sander Ødeeien (MS Atløy), Ove Losnegård (MS Staangfjord) og Bjørn Fjellheim (Haugefisk). Ein vil også arbeide saman om å få dei fylkeskommunale løyvingane til fartøvern opp, minimum til tidlegare nivå.