Slutt for M/S «Hamen»
Publisert 21. november 2011 under NyhendeEtter at Riksantikvaren trakk både vernestatus og tilsagn om tilskudd til restaurering klaga eigarane inn vedtaket for Miljøverndepartementet. No har klagar fått endeleg avslag.
Etter mykje om og men ser det derfor ut til at siste ord er sagt frå myndigheitshald. Miljøverndepartementet tar ikkje eigars klage på Riksantikvaren sitt vedtak om avfredning og omgjering av tilsagn om tilskot til følgje. Departementet skriv blant annet følgjande i si klagehandsaming:
«Miljøverndepartementet har gjennomgått og vurdert alle sider av saken, og har etter en samlet vurdering kommet frem til at det ikke foreligger grunnlag for å oppheve eller omgjøre Riksantikvarens vedtak.»
Dermed ser det ut til at historia kring det omstridde trøbleskipet, som framleis ligg til kai i Iddefjorden i Sverige, syng på siste vers.