Status Dåfjorden
Publisert 9. november 2011 under NyhendeEtter at båten kom på land måndag i forrige veke, og skikkelig innpakka, tok «karane» avspasering og har vore heime ei veke. I mellomtida har verftet starta på ein del stålarbeid over vannlinja i hekken. Dette arbeidet er venta å være ferdig i slutten av neste veke.
I går reiste Ludvig, Leif og Moldestad`en ned igjen. Hjelpemotor og dagtank for olje til styremaskina er no flytta fram i rommet, og det er snart klart til å starte arbeidet i skutesida. I morgon skal pumpa til styremakina flyttast, og dei reknar med å være meir eller mindre klar til helga.
Ludvig blir igjen over helga, og skal mellom anna vaske kjølen og litt andre ting som lyt gjerast.