Til Dåfjorden
Publisert 28. februar 2009 under NyhendeDå er MS Atløy vel framme i Dåfjorden. Avgang frå Norheimsund i går klokka 1100 og ut fjorden med ankomst 1615 på Bømlo. Gjengen blir ombord i helga, og arbeidet med driving av styrehustaket tar til mandag. Dette vil ta 3-4 dagar, så er det endeleg heim, og Årsmøte 13. mars ombord.