Utleige mot nye rekordar
Publisert 13. mars 2000 under NyhendeDet er pr dato kome inn bestillingar for ca 340.000,- kroner. Dette er ny rekord, og dersom alle turar går som planlagt, kan vi allereie no slå fast at den kommande sesongen blir den beste i Atløys Venner si historie.
I tillegg til denne gledelige utviklinga, ligg vi òg på forskrudd økonomisk. Vanlegvis ligg vi på etterskudd når vi er kome så langt på våren, – i år har vi fortsatt penge. Grunne til dette er først og fremst Framdansen, Lotteriet og at Sildelaget har betalt inn det som stod ute frå 95, med god rente.