Greit å vite

 

«Sjøvegsreglar»

Du skal kanskje tinge tur med M/S «Atløy», og vi vil derfor gjerne at du er kjend med våre ”Sjøvegreglar”

 

Bestilling

Du reserverer båten over telefon  eller mail. Vi sender deg ei stadfesting. Bestilling er bindande for oss og kunde først når vi har mottatt underskriven stadfesting som pdf på mail til leiar@atloy.no og evt. depositum. Stadfestinga skal de ta vare på til etter dato for den bestilte tur.

 

Avbestilling

Skulle vere unødvendig. Blir det nødvendig å avbestille skal det skje skriftleg. Ei  avbestilling seinare enn 14 dagar før arrangementet vert å betala med 50 % av båtleiga. Ved avbestilling seinare enn 3 dagar før arr. eller «no show» (ikkje frammøtt) vert du som kunde belasta med full båtleige.

 

Betaling

Betalingsmåte avtalar vi før oppdraget. Faktura er netto pr. 8 dagar. 1,2 % rentetillegg pr. påfylgjande månad etter forfall.

 

Været

Atløys Venner ordnar fint vær. Dersom godvêret skulle vere utseld kan vi trøsta med gode «under dekk » – fasilitetar. Dårleg vær kan vi dessverre ikkje godta som avbestillingsgrunn.

 

Båtleiga

Båtleiga inkluderar båt, drivstoff, mannskap, normale hamneavgifter og forsikring. Båtleiga reknast frå bestilt tid, til siste passasjer har gått i land. I særlege høve som t.d. Hamnedagar i Haugesund, ONS i Stavanger og liknande kan hamneavgift komme i tillegg. Denne kan være svært høg.

 

Mat

M/S «Atløy» er utstyrt med enkelt kjøkken, og tilbyr i utgangspunktet ikkje servering. Matlaging/ servering kan etter avtale, heilt eller delvis, overdragast til andre. Vi anbefaler Bistro to Kokker i Florø.

 

Drikke

M/S «Atløy» har øl og vin rett. Servering av alkohol på «det glade skip» er underlagt same regelverk som for restaurantar på land. Medbrakt drikke er derfor ikkje tillate, og dette plikter du som kunde å gjera dine gjester kjend med. Passasjerar som møter synleg rusa, kan verte avvist ved landgangen, på same måte som hos andre skjenkestader.

 

Antrekk

M/S «Atløy» har fine, verneverdige tredekk. Vi set derfor pris på om de ikkje kjem i sko med stiletthelar. Båten er vinterisolert, varm og god. Det er ikkje nødvendig med spesielt «båt-antrekk», men det kan sjølvsagt komme sprut over dekk. Det er reint om bord, og særleg redd for kleda treng ein ikkje være.

 

Ansvar

Veteranbåtlaget Atløy fråskriv seg alt ansvar for tap av reisegods, liv, skade på person eller gjenstandar som gyldig kan fråskrivast etter sjølovas § 188 og 189, eller tap grunna havari eller driftsavbrudd. Dessutan gjeld ansvarsbegrensinga etter lovas § 234 og 235. Alle passasjerar er forsikra gjennom Gard Forsikring.

 

Oppførsel & båtvett

M/S «Atløy» er eit verneverdig museumsfartøy, og vil vi ha god oppførsel. Ved avvik frå dette har kapteinen, ut frå eigen sikkerhetsvurdering, rett til å avlyse heile arrangementet og eventuelt sette einskilde eller alle passasjerar i land. Like eins står arrangøren ansvarleg for mogelege skader på båt/inventar som fylgje av uaktsom eller forsetteleg framferd av selskapet sine deltakarar. Reiarlaget sine tap grunna slike forhold vil verte kravd dekka av kunden.

Dette har aldri vore noko problem, så

 

Velkommen ombord!