Viktig møte med Riksantikvaren
Publisert 10. desember 2013 under NyhendeStyreleiar Rolf Grønnevik i Veteranbåtlaget Atløy skal kommande torsdag møte Riksantikvaren for å diskutere vegen vidare.
Dei siste to åra har arbeidet med restaurering av skroget stoppa opp av di Riksantikvaren ikkje har funne midlar på sitt budsjett til å halde fram med arbeidet som planlagt. Eit av alternativa er å gå utanlands for å halde fram med arbeidet t.d i Polen der prisane er heilt andre på stålarbeid. Dette er sjølvsagt ikkje førstevalet vårt, men det kan bli naudsynt om vi ikkje klarer å finansiere arbeidet her til lands.